A review by olegunnar
Beatles by Lars Saabye Christensen

5.0

(Vart skuffa då eg fann ut at dette ikkje var sakprosa om bandet The Beatles. Hehe.) Ein vakker og trist hyllest til oppveksten som formar ein som person. Beatles tar for seg på ein lun, men òg seriøs måte alle utfordringar, gleder, jenteproblem og kameratskap livet i tenåra kan by på. Boka viser òg at livet er sårbart og ting som ein har kontroll på eller ei kan forandre seg fort. Personane og deira historie i hovudstaden er so bra skildra at mitt elsk-hat forhold til Oslo heller litt meir mot elsk. Får lyst til å skru tilbake tida.