Scan barcode
A review by oeystein
The Prince by Niccolò Machiavelli
4.0
Eg har jo skrive litt om 1500-talet, og mange påstår at kong Kristian 2. av Noreg (og Danmark) var inspirert av Machiavelli, eller iallfall tankegodset hans - sjølv om det ikkje finst prov for at han sjølv hadde lese denne boka.
Den openberre grunnen til å tru det, er det Machiavelli skriv om korleis ein behandlar eit nyerobra område: Om du skal skada nokon, så må du skada dei så grundig at dei aldri vil kunne hemna seg på det. Om du vil gjera ein urett, så bør du gjera alt det urette på ein gong, slik at det kan bli fortare gløymt. Dette passar jo bra med Stockholms blodbad, korleis Kristian 2. behandla Sverige.
Det som absolutt ikkje passar, er det Machiavelli skriv om leigesoldatar: Unngå dei som pesten, for du kan aldri stola på dei. Kristian 2. føretrekte leigesoldatar.
Uansett, det er vel eigentleg almenndanning å lesa Machiavelli. Han skriv veldig rett fram, dette er ei bok som har lyst til å formidla noko, som vil bli forstått. Ikkje høgtsvevande filosofi. For ein lesar av i dag hjelper det å ha grunnleggjande kjennskap til Italia på tidleg 1500-tal, for han hentar mange av døma sine frå notida si.
Grunnsynet på mennesket er negativt. Menneske er grunnleggjande vondt, og du kan eigentleg aldri stola på nokon. Derfor er det betre for ein herskar å vera frykta enn elska, for frykt er ei sterkare kjensle enn kjærleik. Men herskaren bør òg unngå å bli hata. Så det er då iallfall noko.